– Eg er ikkje så glad i byen og ville heller reise hit. Her har ein frisk luft, på ein anna måte enn i byen, seier Marthe om at ho valde å reise nordover for å ta fagbrevet sitt. 

Sjølv om Fåvang-jenta Marthe Berge (18)  kunne ha fått lærlingplass lenger sør i landet, lokka ikkje byane noko særleg. 

– Det er store kontraster å arbeide her mot å arbeide i byen. Her er det eit heilt anna miljø, seier Marthe. 

Og ho trur at ein blir kjend med besøkande på ein annan måte. 

– Her får ein eit heilt anna møte med folk. Det er alt frå fjellfolk, fiskarar, og folk som berre køyrer forbi, i alle aldersgrupper, seier Marthe. 

Det var mellom anna bestemor til Marthe som var inspirator for yrkesvalet. 

– Eg var med bestemor i starten, og så såg eg mykje på TV-en og i kokkebøk. Eg har støtt vore glad i mat og å glede folk med å lage mat, seier Marthe.

Ho trivs godt på Lemonsjøen fjellstue. Ho trivs med eit variert arbeid, mellom anna har dei både selskapsservering og den daglege á la carté-menyen. 

– Vi får prøvd oss på mykje forskjellig. Vi har alt frå to-retters til fem-retters, og når det er selskap er det ofte anna meny enn den daglege, forklarar Marthe. 

Ho synes det er positivt at dei og kan få prøve seg hjå dei andre bedriftene om det høver. 

 

Marthe fortel meir om å være lærling på Lemonsjø fjellstue